Takk for songfellesskapet!
Vi i Prosjekt 17 er veldig takknemlege for godt oppmøte og musikalsk respons på kyrkjesongkveldane vi nyleg hadde i Todalen og Åsskard.
- Fyll kyrkja med song! oppfordra vi og lova å opne salmeboka i full breidde. Og responsen var så gledeleg at vi hemed vil takke offentleg. Folk møtte mannjamnt og stemte verkeleg i!
Allsongen fylte huset til taket - med viser og hymner frå ulike land og ulike hundreår! Musikalsk fellesskap på sitt beste - mest takka vere hovudaktøren, altså forsamlinga!
Vi sa for spøk at dette var to vanlege - men opne - onsdags korøvingar. Dermed fekk vi også prøve noko av vårt eige repertoar: Handel, Bach, Beethoven, Mendelssohn og eit par spirituals passa forhåpentleg inn i lovsongsprogrammet.
I Åsskard onsdag var også HeimKlang (tidlegare Halsa Demenskor) med og spreidde glede - både i fellessongen og med sine eigne innslag: «My Lord», «Edelweiss» og Griegs «Ved Rondane». Fine bevis på kva songarven kan bety!
Kvelden i Åsskard vart streama på nettet – eit fint tiltak. Vi fekk ikkje songtekstene på skjermen, men prøvde å annonsere salmenummera tydeleg. Berre ein mikrofon i midtgangen gav kanskje ikkje perfekt stemmebalanse. Men i rommet trur vi det let som det skulle.
Songskatten er ikkje død. Og Norsk Salmebok er ei vidopen skattkiste!
Bernt Bøe og P17