Storarta vårkonsert

Ei fullsett Åsskard kyrkje fekk nyte ein fantastisk konsert servert av Erling With Aasgård, Anders Larsen og Sigrid Vetleseter Bøe laurdag.

Storarta g Sigrid syng Grieg
Sigrid hadde fire songar av yndlingskomponisten Grieg. Foto Bernt Bøe
Storarta c
Stor musikalitet på edelt instrument. Anders med sin Testore-fiolin frå Mliano 1735 og med boge frå Paris 1850. Foto Bernt Bøe
Storarta e Erling
Erling imponerte både med sitt spel og sine gode verbalinnslag. Foto Bernt Bøe


Erling (orgel og piano), Anders (fiolin) og Sigrid (song) er musikarar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. For å sitere publikum: - For ein musikktrio - og alle med røter i dette lokalmijøet!

Underernært?

På programmet stod Bach, Grieg, Brahms, Svendsen, Mozart - altså klassisk så ein skulle tru det skremte folk vekk. Vi innbiller oss gjerne at alt må vera så «kult» og «pop» for å fenge. Men kva ser vi her? Fulle benker - og ikkje programhefte nok! Er folk kanskje underernært på kultur av det såkalla «seriøse» slaget? For vi kan sitere igjen, frå «alminneleg folk»: - Makalaus oppleving! – Fenomenalt! – Fantastisk! 

Erling – for ein musikar!

Konserten var til minne om Bjarte With Aasgård. Også det bidrog nok til det store oppmøtet. Takken frå kyrkjeverje Tor Rune Halset til Alfhild Aasgård, som øremerka minnegåvene på denne måten, var vel fortent!

Sønnen Erling var kveldens aller mest aktive distributør. Han trakterte orgel og piano i heile programmet og krydra det med muntre og interessante anekdoter. Visste du at unge Grieg var ein storarta organist? Hans glansnummer, den store Bach-fugen i g-moll, vart da også Erling si glitrande opning av konserten.  

Med formidling av Bach (også «Bondefugen») og Mozart viste Erling orgelet i leik og vemod – beherska med stor virtuositet. På pianoet gav han teknisk brilliant, og samtidig lyttande avstemt, tonefølgje til Anders og Sigrid sine mange solostykke. For ein musikar!

Edelt på fiolin

Og enn å få oppleva Griegs «Våren», Svendsens «Romance» og Massenets «Meditation» i Anders sin syngjande og reflekterande musikalitet med klangen av hans edle fiolin frå Milano 1735? Vårsøg-sjefen og Trondheims-symfonikaren gav desse klassiske perlene ei form og eit uttrykk som få andre kan yte. Eksempel: Slike himmelske høgdetonar! (Og denne guten debuterte som 10-åring med Küchlers «Concertino» nettopp her – i 1988!)

Sigrid, Grieg og Mozart 

Eg må også få framheve Sigrid – sjølv om eg er far hennar. Stemmeregisteret spenner frå  det inderlege, nesten uhørbare, til den store operaklang med symfoniorkester i store salar. Og likevel: Vokalteknikken er uttrykksmiddel for meiningsinnhald og songens musikalske særpreg!

Sigrid var 8-9 år da koret med ein Mozart-sats her i kyrkja «tente» henne på klassisk song. Dermed passa det godt at ho og Erling let «Laudate» frå Mozarts «Store Messe i c-moll» bli eit av høgdepunkta på laurdagens vårkonsert. 

Og kvifor ikkje avslutte vårkvelden med «Morgen» av Richard Strauss? Formidla av konsertens dyktige trio i samspel var det eit nydeleg punktum på ei aldeles storarta musikkstund. 

........ Bernt G. Bøe .........

VI SPONSER BØFJORDNETT