Stor fotballglede på Leikarvollen
Arrangerte cup:
BB fotball arrangerte fotballcup i helga - lag frå Surnadal, Søya/Todalen, ØSIL og sjølvsagt BB-fotball fylte vakre Leikarvollen Stadion med stor fotballglede, fine mål, fairplay og stor iver.
Leikarvollen var delt opp i fem banar kor dei ulike kampane gjekk utover dagen - kampane vart stødig dømt av unge fotballspelarar frå BB-fotball, som nyleg har gjennomført dommarkurs for å være rusta til å dømme kampar i nettopp barnefotballen. Kjempegod innsats av samtlege!
Innimellom kampane kunne ein kjøpe seg pølse med brød, bakels, brus og godteri frå dei mobile kioskane.
På banen fekk vi sjå ungar som storkosa seg med samspel, fairplay, fine mål og herlege jubelbrøl og ikkje minst vennskap og lagånd.
Veret heldt seg bra også, stort sett heile dagen.
Ein velluka fotballdag på Leikarvollen Stadion var eit faktum - takk til arrangørane!