Stor dugnadsinnsats på Kjølen

Bøfjord idrettslag hadde dugnad inne på Kjølen i Settemsdalsletta i helga - bygging av gapahuk er prosjektet dei held på med.

IMG_8931
IMG_8987
IMG_8960
IMG_8935

Leiar i Bøfjord I.L. Bodil K. Aasbø fortel:

"I dag har det vore dugnad på gapahuken innpå Kjølen. Det var stor innsats av samtlege, med kledning av veggar, takarbeid og beising. Det gjenstår omlag ein dag med med torvtekking og avsluttande arbeid."

Her er det nok eit flott prosjekt i regi Bøfjord I.L - som bygdefolk og andre vil få stor glede av framover!

Foto i artikkelen: Bodil Kvam Aasbø

VI SPONSER BØFJORDNETT