Sterk seier mot Surnadal 2!

Bøfjorden slo til med ein sterk 2-1 seier over Surnadal 2 på Leikarvollen stadion i ettermiddag.

DSC_0926
Kjetil Rønning, Per Mathias Bø og Jan Roger Finnvik. Foto: Ivar Arne Bøe

 

Bøfjorden stilte med følgande lag:

Jan Roger Finnvik

Ole Kristian Solem - Petur Petersen - Sondre Bøe - Terje Megård.

Hans Snekvik - Gøran Settemsdal - Per Iver Skrøvset - Martinus Bævre Sollid.

Kjetil Rønning, Per Mathias Bø.

Innbyttarar:

John Heggem (Jo), Kay Roger Bævre, Bjørge Aasbø, Ivar Arne Bøe

Målscorarar: Per Mathias Bø, Kjetil Rønning

Per Iver Skrøvset seier dette om kampen til "Bøfjordnett":

"- Starten på kampen var ganske roleg utan noko særlig sjansar for begge lag, men utover i omgangen kunne nok begge laga ha scora. Etter halvtimen er det Per Mathias Bø som sender oss i føringa med ei flott heading frå meget skrå vinkel. Vi går til pause med ei 1-0 leiing. I andre omgang har vi sjansar til å auke til 2-0 men ballen vil ikkje i mål. Surnadal utliknar etter 80 minutt og gjer avslutninga på kampen meget spennande. Kampen blir avgjort på ei nydeleg kontring i det 89.minutt; Kjetil Rønning er mannen som avsluttar eit nydeleg angrep. Alt i alt ein fortjent seier over eit bra Surnadal 2."

VI SPONSER BØFJORDNETT