Stemningsfull kveld med nissemarsj

Måndag kveld var det julegrantenning og nissemarsj ved Bøfjorden barnehage - med godt oppmøte av både store og små vart det svært stemningsfullt.

Julegrantenning[1]
Julegrantenning og gang rundt treet ved barnehagen (Foto: Bøfjordnett)
Fakkeltog
Fakkeltog oppover til Settem Gard (Foto: Bodil K. Aasbø)
Settem Gard
Magisk stemning ved Settem Gard (Foto: Bodil K. Aasbø)
Nissen[1]
Nissen skapte julestemning for ungane (Foto: Bodil K. Aasbø)


Først var det samling utanfor barnehagen kor det vart servert nydeleg gløgg og moglegheit for å kjøpe seg ein fakkel til nissemarsjen om ein ønska det.

Så vart det gang rundt juletreet og synging av eit par julesongar før ein tok fatt på nissemarsjen med faklar oppover mot Settem - veldig koseleg i mørket.

På Settem Gard venta nissen - nokre av ungane ville sitte i fanget på nissen medan andre heldt passeleg avstand - det var nok litt for skummelt for nokon. Her fekk alle ungane ein godtepose med nissemannen - noko som sjølvsagt var stor stas!

Før alle satte snuten heimatt for å legge ungar, fekk nissen servert allsong med "På låven sitter nissen" samt ein liten pakke, som takk for besøket.

Nissemarsj og julegrantenning er ein utroleg koseleg tradisjon her i bygda - no kan jula komme!

 

VI SPONSER BØFJORDNETT