Steinar Sæterøy til minne
Bøfjorden har teke farvel med ein markant sambygding.
Steinar Sæterøy var noko så sjeldant som gründer og kunstnar i ein og same person. Og portrettet av familiefaren og naturmennesket kan fyllast ut med mykje anna han stod for.
Mitt første minne om Steinar seier noko vesentleg om kvalitet i alt arbeid. Som sløydlærar for oss 6. klassingar i Bøfjorden lærte han oss at «når du linjerer ein arbeidsstrek på fjøla, skal du høvle så nøye at halve blyantstreket står att!»
Snikkaren Steinar Sæterøy var arbeidsjarn og fagmann på høgt nivå – ein verdig arvtakar av oldefaren Nils frå Sæterøya, det tekniske geniet som Hyldbakk kalla «ein mirakelmann».
Slik var dette eit solid grunnlag for bedrifta ÅSI-Tre, som brørne (Åge-Steinar-Ingebrigt) danna i 1959. Med eit dusin tilsette var dette ein stor arbeidsplass i ei lita bygd. Dei bygde hus og hytter, dører og vindu. Seinare vidareførte Steinar, saman med kona Liv, dette faget gjennom familiebedriftene Bygg og Bo og LS Interiør.
Liv og Steinar fekk borna Håkon, Astrid, Nora og Steinar jr. Heimen Knausen vart bygd i 1960.
Attåt snikkaryrket var Steinar ein habil utøvar av målarkunst. Dette utvikla han stadig, endatil med kurs, også i treskjering, langt inn i pensjonsalderen. Etter eit slikt kurs sørga han for å gjenskapa det gamle surnadalske mønsteret «Sællemshaugrosene». Dette lever etter han på ein flott skåp heime på Knausen.
Gleda med friluftslivet og hytta på Skrøvsetfjellet betydde mykje. Enda etter eit slagtilfelle i 2018 var stå-på-viljen sterk nok til enno ein fjelltur – stort sett for eiga maskin!
Han slutta aldri å interessere seg for kultur, historie - og det som høyrde notida til.
Gründeren og kunstnaren Steinar Sæterøy gjorde mykje for å «byggje grender og eiga rudningen trygt», som Ivar Aasen skriv om Nordmannen.
Eller kanskje vi i denne lille minneartikkelen skal tilskrive han Vilhelm Krags ord:
«Én feller furuens malmhårde legg – én snitter skjønnhet i tømrede vegg.»
Steinar Sæterøy gjorde begge deler – og meir til. Fred med minnet!
-Bernt G. Bøe-

![Steinar Sæterøy 1932-2026 Privat foto[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5482688.2107.talkujaa7ptlm7/800x0/6741588_5482688.jpg)










.png)




























