Stakneslykta på nye tufter
Kystverket erstattar no gamle fyrlykter med nye navigasjonslys. Tysdag vart Staknes lykt på Storberget i Bøfjorden pensjonert og flytta til moloen ved Elvanesset.
Lykta vart reist på Storberget i 1931. Med sine gule, grøne og raude lys synte ho 10 sektorar i farvatnet frå Svinneset ved Torjulvågen via Heggemsneset og Bøfjordholmane til sundet ved Settemsørane.
Lykta viste ein blink kvart 6. sekund. Opprinneleg var lyskjelda ein parafinflamme. Fyrvaktaren måtte justere veiken jamnt, så farten på blinkspjeldet tilsvara ein runde på 6 sekund. For ikkje mange tiår sia kom elektrisk lys og dermed meir stabil blink.
Kulturminne
Bøfjordingen Magne Riksheim, som jobbar i Kystverket, tipsa i vinter Bøfjorden Historielag om at Staknes lykt skulle fjernast frå Storberget. Laget søkte om å få overta – formelt «låne» – lykta og plassere ho på moloen i Settemsbukta. Eit argumentet var å sikre at fyret blir bevart som kulturminne og attraksjon i bygda.
Kystverket sa ja – på visse vilkår: Sektorane må skjermast og ikkje forvirre skipstrafikken, men kan lyse inn mot land. Det raude taket på lykthuset må av same grunn målast kvitt. Kystverket er framleis eigar, men Bøfjorden Historielag låner lykta vederlagsfritt.
Lagsamarbeid
Historielaget innleidde straks samarbeid med Bøfjorden Småbåtforening, som med iver og innsats har gjort mykje for å ta vare på kulturminnet. På moloen ved småbåthamna si har foreninga støypt sokkelen der lykta no er plassert.
Flyttinga skjedde tysdag denne veka. Med båten «Ona» vart lykta flytta frå Storberget til sin nye plass på andre sida av Bøfjorden. Alt tilbehør – også krakken og hylla inne i lykthuset! – vart med. Ei kraftig kran sørga for å sette fyret trygt ned på dei nye tuftene.
Nye navigasjonslys
Kystverket set no opp ei enkel lyskjelde i staden for fyrlykta på Storberget. Sektorlysa rundt fjorden kjem dermed bort. Ei ny lykt på stake i Bøsundet sikrar navigasjonen for fraktefarty og fiskebåtar inn gjennom Bøbrua og Åsskardfjorden.
Sjøl om mange vil sakne den kvite lykta på Storberget, landemerket som alltid «har vore der», har no heile Bøfjorden, ikkje minst småbåthamna og Elvanesset med restaurant og hyttegrend, fått ein ny attraksjon. Lykta vil alltid vera eit verdig kulturminne for sjøfartsbygda Bøfjorden.