Språkstund på museet
Bjørn Heggset - utflytta nordmøring og ivrig dialektmann - er gjest på museet i Bøfjorden søndag.
Saman med Bøfjorden Historielag løftar han fram heimspråket vårt i full prakt og foreslår måtar å skrive det på.
Å skrive på dialekt
Talemålet i bygdene her har rikare nyansar enn alfabetet taklar. På facebook og elles leitar mange etter tegn som tilsvarar det vi seier. Bjørn har utvikla ein metode som han no vil dele med publikum.
Kåsøren er fødd i Oppigarden (Settemsdalen) for 72 år sia, vaks opp i Valsøyfjorden og budde i Drammen som tenåring. Etter allsidig språkutdanning i Bergen har han undervist på vidaregåande der i Åsane til han vart pensjonist.
- Alt sia 10-årsalderen har eg fundert på skriving av dialekt, seier han. - På gymnaset laga eg særoppgåve om emnet.
Komikk på nett og papir
Det todelte programmet på museet femner også om andre språkfenomen - både frå dialekt og media. - Vi lovar ikkje minst komiske overskrifter og reklametekster, seier historielaget. - Det er nemleg mykje rart å finne på nett og papir!
Med glimt i auget vil ein vise subjekt, objekt, komma og orddeling på avvegar: «Ulven tok liv - får 50.000 i erstatning», «Huset ligger i et lite koselig boligområde», «Storfe lever i fløtesaus» og dess like.
Dialekt - «djevelens verk»?
Litt etymologi om stein og graut, skinn og sko blir med. Og kva er aptonym for noko? Pussige foto og treffande utnamn kan ein vente seg og.
Heimspråket er uendeleg fargerikt og uttrykksfullt. Byfolk kan nok hovere, som i innlegget «Dialekter er djevelens verk» i VG nyleg. Men den påstanden blir ikkje ståande uimotsagt på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag!
… Bernt G. Bøe …