Sponsoravtale med Halsa og Tingvoll Gjensidige

HalsaTingvoll Gjensidige

Bøfjorden grendahus har signert på ein treårig sponsoravtale med Halsa og Tingvoll Gjensidige.

Avtalen gjev grendahuset 8000,- kr i året i sponsormidlar - mot at Halsa og Tingvoll Gjensidige får henge opp eit reklameskilt på bygget.

Dette sikrar grendahuset ei fin ekstrainntekt i tre år framover - pengar som gjer drifta litt meir forutsigbar.

Avtalen vart signert på fredag av leiar i Bøfjorden grendahus, Kay Edvin Nessæther og Jakob Nørbech ved Halsa og Tingvoll Gjensidige.

Bøfjorden grendahus vil takke Halsa og Tingvoll Gjensidige for stor positivitet og velvilje.

Frå før har altså grendahuset ein treårig sponsoravtale med Svorka som gjev gratis fiber (internett) både i under- og hovedetasjen.

VI SPONSER BØFJORDNETT