Songdugnad med variasjon

Mange aktørar og ein god del frammøtte feira oskeonsdagen med songkveld i Åsskard kyrkje. 

Songdugnad a[1]
Felleskoret Heimklang og Prosjekt 17 vart leia av Turid Røen Kroknes, som også var ein av kveldens solistar. Foto Mali Settem
Songdugnad b Anna S
Heimflytta Taiwan-misjonær Anna Sæther presenterte «Navnet Jesus» som sin ønskesalme. Foto Randi Bøe
Songdugnad c Richardt Christian 1831-1892
Danske Christian Richardt (1831-1892), venn av Stangvik-presten Elster, skreiv «Alltid freidig» som del av sitt skuespel «Tornerose». Arkivfoto


om innslag i kyrkja sitt jubileumsår hadde programmet eit vidt perspektiv i tid og stil. Det varierte frå slagerar til Schubert og frå misjonshelsing til eventyrtablå.

Fulltonande

Etter innleiing med kora Heimklang og Prosjekt 17 hadde Gunhild Marie Täringskog ei fin soloavdeling med tonefølgje av Bodil Kvam Aasbø på piano. Til songen «Navnet Jesus» hadde tidlegare misjonær Anna Sæther ei personleg helsing. Ho starta som Taiwan-misjonær i 1974 og har sterke minne derifrå - også om korleis denne songen så å seie er ein del av norsk misjon. Og med kor og forsamling fekk den eit uvanleg fulltonande omkved!

Med stemmeprakt og innleving formidla Turid Røen Kroknes «An die Musik» (Schubert), «Lascia ch’io pianga» (Handel) og Åge Samuelsens udødelege «O Jesus, du som fyller alt i alle».

Tornerose og «Alltid freidig»

Mange av salmane våre har spesielle bakgrunnshistorier. I eit lite tablå viste aktørar frå P17 at «Alltid freidig» er henta frå danske Christian Richardts skuespel «Tornerose» - ei kristen tolking av eventyret med same namn. At diktaren Richardt deltok på kulturkveld i Stangvik prestegard på den tid Åsskard-kyrkja vart bygd, gav innslaget så å seie lokal vinkling.

Slager frå Bibelen

Bibelen er stoffleverandør til både salmar og annan song. Det syntest i fleire innslag. Såleis pussa P17-damene støvet av radioperla «Kjærligheten er det største» - der Lyktemannen (Frimand Clasen) har gjendikta 1. Korintarbrev 13 og Valsekongen (Reidar Thommesen) har sett tone til.

Arrangørkoret Prosjekt 17 runda av programmet med Mendelssohns vakre «Ave Maria» og spiritualen «Amen».

Jane, Grete Ingunn og Aashild inviterte til avsluttande kaffestund i Kyrkjestua.

 

... For Åsskard sokneråd: Bernt Bøe
 

VI SPONSER BØFJORDNETT