Søndagstema: Kva var Settemsdal AS?

Tekstilindustri og handel i Settemsdalen er tema på museet i Bøfjorden søndag. 

Kva var Settemsdal AS a
Søskenbarna Geir og Elise Settemsdal framfor «verkstedet» som husa konfeksjonsfabrikk, butikkar og posthus. Geir iført ekte kappe frå fabrikken! Foto Bernt Bøe
Kva var Settemsdal AS b Hjelmendress HELGE S
Helge Settemsdal viser ein Hjelmen-dress. Foto Bernt Bøe
Kva var Settemsdal AS c Bruspause på trappa
Tilsette tek bruspause på fabrikktrappa (1941). Bak sit Gunnar Skrøvset, Ragna Skrøvset (Settemsdal) og Kåre Settemsdal. Framme: Marit Skrøvset (Solem) og hennar tilkomande Sigurd Solem. Privat foto


Har du ein Hjelmen-dress liggande? Lue eller kappe frå Settemsdal AS? Ta i så fall var på dei – som historiske eignating!

Tradisjon vart industri

Skreddarfaget har tradisjonar i bygda. Jens Settemsdal, sønnen Sakarias og Skreddar-Sivert frå Liabakken var pionerar alt på 1800-talet. Etter å ha drive skredderi på eit loft i Negarden bygde familien Settemsdal i 1938 verkstedet Midtstad – attmed den noverande busshaldeplassen.

Hjelmen-dressen populær

Med namnet Settemsdal AS vart dette ein betydeleg konfeksjonsfabrikk med bortimot tjue tilsette på det meste. Dei sauma kapper, dressar, luer og andre småartiklar – foutan den populære «Hjelmen-dressen».

Butikk og post

Etter at kledeproduksjonen slutta, var lokalet frå 1952 i periodar bruka som butikk – med daglegvarer og til slutt husinteriør. Nokre år var det også postekspedisjon her.

Denne fargerike bedriftshistoria blir søndag presentert på Bøfjorden Sjøbruksmuseum - i biletkåseri, samtale med sentrale personar og ei ørlita mannekengframsyning av orignalplagg.

Geir Settemsdal har skaffa opplysningar om butikken som faren Erik dreiv. Elise Settemsdal jobba her og har bladd i fotoalbumet sitt. Begge deltek under Dagens Tema på museet.

Og: Den som har liggande produkt frå Settemsdal AS, kan gjerne tipse Bøfjorden Historielag!

 .... Bernt G. Bøe ...

VI SPONSER BØFJORDNETT