Småbåtindustri som museumstema

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag kåserer Terje Holm og Asbjørn Ersvik om  «Myra Plast - en pioner innen plastbåter i Norge».

Småbåtindustri a MYRA Plastbåtar
«Myra 23 Fisherman» og «Myra 21 Snekke» var to populære modellar. Her fotografert på Bolgsvaet tidleg på 1970-talet.
Småbåtindustri b Holm Terje
Terje Holm har skrive historia om Myra Plast og kåserer på museet søndag.
2019 07 21 Plakat Museet


Programmet dokumenterer ein revolusjon i småbåtbygging. Myra Plast starta i 1956 med båtproduksjon i det nye materialet glassfiberarmert plast og bygde rundt 4000 båtar fram til 1990.

Mange frå Kristiansund og distriktet jobba i denne industrien. Det var stor eksport til bl.a. Sverige og Danmark gjennom mange år.

Myra-båt er eit begrep i norsk fritidsbåthistorie. I ein konjunkturutsett bransje har bedrifta hatt ulike eigarar. Dette har Terje Holm skrive om i Årbok for Freiøya Historielag 2018. Medkåsør Asbjørn Ersvik var med på Myra-eventyret frå 1965 fram til slutten i 1990.

På museet sørgjer Kari og Randi for at det blir kaffe og kaffemat å få kjøpt.

VI SPONSER BØFJORDNETT