Småbåteventyret Myra Plast

Båtbyggarhistoria sit i veggene på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Søndag vart også plastbåtindustrien innlemma i den ærverdige tradisjonen.

001 Småbåteventyret a
Terje Holm (t.v.) og Asbjørn Ersvik med interessant foredrag om Myra Plast. (Foto Bernt G. Bøe)
002 Småbåteventyret  b Arnfinn Kulø
Pioner Arnfinn Kulø starta i det små. (Foto frå lerretet)
003 Småbåteventyret c Sjark
Ein godt utstyrt Myra-sjark under fart. (Foto frå lerretet)
004 Småbåteventyret d Trekjølsbåt 14 Zambia
På fabrikken i Zambia: Her ein 14-fots trekjølsbåt. (Foto frå lerret)
005 Småbåteventyret e Hallen
Hallen med to ferdige bygg i siste del av bedrifta si levetid. (Foto frå lerretet)
006 Småbåteventyret f Rita 15 bnr 1
Byggenummer 1 (1960) av passbåten «Rita 15». Bør kanskje på museum? (Foto frå lerretet)


Bilete av flotte seglskuter og havgåande fiskedampar dekorerer museet. På hyllene står reiskap frå bygginga av såvel galeas «Dyrafjeld» i 1889 som dampskipa «Bøfjord», «Skrøyfa» og «Hjelmen» nokre tiår seinare. Og geitbåten etter Lars i Bøgeilen fortel sin del av historia.

Gode foto, kunnskap og erfaring

Denne søndagen kåserte Terje Holm og Asbjørn Ersvik om plastbåtindustrien på siste del av 1900-talet. Med godt biletmateriale på lerretet, grundig temakunnskap og personleg erfaring vart historia om Myra Plast ein uvanleg fargerik og spennande museumstime.

Terje Holm har skrive historia om Myra Plast. Asbjørn Ersvik arbeidde der frå 1965 til slutten i 1990 og var endatil i Zambia og drog i gang plastbåtindustri der for 50 år sia.

Oppstart på 1950-talet

Den første norske plastbåten, «Herwa», vart laga i 1953 av ingeniør Herbert Waarum på Lillestrøm. Men alt i 1956 starta Arnfinn Kulø plastbåtproduksjon på låven sin i Myra i Kristiansund.

Etter diverse forsøk gav han båtskroga ei form som fylte krava for lettbåtar i sildeflåten og for snekker til fritidsbruk. Ikkje minst var den utoverlagte «Myra-baugen» ein genistrek.

Stor produksjon

Kulø flytta produksjonen til det tidlegare kleppfiskanlegget i Vikan. Og utover 1960-talet skaut produksjonen fart – med båtar i ulik størrelse og til ulike formål: «Senja II» (lansert 1967) var ein 25-fots fiskesjark med sjølvlensande dekk.  «Sula» og «Ona» var kombinerte slepe- og redningsbåtar. «Myra-snekkene» selde godt, like eins passbåten «Rita» på 15 fot og den vesle 10-fots jollen «Nina».

Eksporten – ikkje minst av snekka «Myra 21» - var stor. I perioden 1965-1970 gjekk rundt 30 båtar i månaden til Sverige!

Bananbåtar i Zambia

Eit eksotisk kapittel i eventyret starta i 1968, da Eivind Kulø og Asbjørn Ersvik sa ja til utfordringa om å bygge plastbåtfabrikk i Zambia – som eit samarbeidsprosjekt med Norges Eksportråd. Ein skulle produsere 1200 såkalla «bananbåtar» og andre farty i dette nye skipsmaterialet.

Eg jobba fire år med dette i Zambia, fortalte Asbjørn Ersvik på museumsdagn i Bøfjorden. – Vi bygde produksjonsanlegg og lærte opp rundt tretti afrikanarar til dyktige båtbyggjarar!

Myra – eit begrep

Konjunkturane skifta, og konkurransen hardna til ved at fleire plastbåtfabrikantar starta opp rundt i landet. Utover 1980-talet auka vanskane. Kristiansundsfabrikken vart  etter kvart organisert som Frei Marin. - Sjølv om den gjekk rimeleg bra, valde vi i 1990 å legge ned drifta, seier Ersvik.

- Frå starten i 1956 var det da produsert over 4000 Myra-båtar, opplyser Terje Holm. – Myra er eit begrep i norsk plastbåthistorie!

Dei to kåsørane runda av det interessante programmet med eit fromt lite ønske: - Vi veit at byggenummer 1 av passbåten «Myra Rita 15» frå 1960 enno eksisterer. Den skulle absolutt ha vore restaurert og plassert på eit museum - som eit flott eksempel på denne delen av historia om norsk båtbygging!

...............

Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT