Skuter og stemmer på museet

Flotte skuter og opptak av gamle sjøfolk krydrar søndagens tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

SKUTER a Brødrene med Aarnes Kristian innfelt
Hamnesjakta «Brødrene» med skipper Kristian Aarnes (innfelt).
SKUTER b Embla & Peder Sjøflot innfelt
Peder Sjøflot (innfelt) hadde mykje å fortelje om livet på «Embla» og andre skuter.
SKUTER c Surnadalsjekta losser sand
Surnadalsjekta «Birgitte» losser sand på Vedkaia i Kristiansund.
SKUTER d Slofart
Sløying og flekkjing av skrei ombord i ei slofartskute.
2019 06 30 PLAKAT MUSEET


Sentralt står slofarten - skutetrafikken med fisk frå Lofoten til kleppfiskberga på Nordmøre. På historiske opptak fortel bl.a. skipper Kristian Aarnes (1876-1964) og dekksmann Peder Sjøflot (1887-1983) om liv og hendingar på jakter som «Brødrene» og «Embla».

Også sandfraktefarten på Nordmøre er med - i bilete og historikk. Der var for eksempel lasteutviklinga frå spade og trillebår via kaffesekker (!) til moderne grabb i seg sjøl eit eventyr.

Muntre og ramsalte anekdoter og artige utnamn på båtar livar opp det historiske biletkåseriet som Bernt Bøe framfører - altså med god hjelp av bilete og ekte stemmer frå arkivet.

Og som vanleg er det kaffe å få på museet.

VI SPONSER BØFJORDNETT