Skulebesøk på museet

Kvar vår har 9. klassingane i Surnadal ein besøksdag i Bøfjorden. Sist onsdag var dei gjester på sjøbruksmuseet, på Bøfjorden Sag og på friluftsarenaen Mjøksanden.

Skulebesøk 2020 A Museet
Niandeklassingane noterte seg mykje av lokalhistoria. (Foto: Bernt G. Bøe)
Skulebesøk 2020 B Museet
Utstyr frå samlingane illustrerte tema i museumstimen. (Foto: Bernt G. Bøe)
Skulebesøk c Statsraad Riddervold 1944 Arkiv
Foto på lerretet: Rutebåten «Statsraad Riddervold» forliste i Bøfjorden i 1944. (Museets fotoarkiv)
Skulebesøk d Skrøyfa ca 1930 Arkiv
Blant Skrøyfa-mannskapet for 90 år sia var også oldefedre av elevar i salen. (Museets fotoarkiv)
Skulebesøk e Sprøytå Arkiv
«Sluk I» passerer Bøfjorden med sandlast frå Surna til Kristiansund. (Museets fotoarkiv)
Skulebesøk f Bygging BRUA 1964 Arkiv
Bøbrua knytte bygda saman. Her like før opninga i 1964. (Museets fotoarkiv)
Skulebesøk Mannbjønnspel 2010 Arkiv
Skuleteater i 2010: John og Johannes framstiller jakta på Mannbjønnen. (Foto: Bernt G. Bøe)


Bygda tok i mot dei med strålande sommarver. På Bøfjorden Sag kunne sjefen Magnus Bøklep vise dei rundt og fortelje om produksjonen av trelast til alle slags formål. Bedrifta starta i 1997 og har utvikla seg til ein betydeleg arbeidsplass med 17 tilsette i dag.

I Mjøksanden like aust for Settemsørane har dyktige foreldre saman med Røsslyngen 4H skapt eit flott friluftsområde med gamme, gapahuk, badestrand og leikeområde. Her feira elevane eit utvida matfriminutt denne dagen.

Skipsbygging og forlis

Styremedlemmene Eli Moen og Bernt Bøe frå Bøfjorden Historielag tok i mot elevane på sjøbruksmuseet. Med lysbilete og utstyr frå samlingane fekk dei glimt frå fortida på Nordmøre - mest frå Bøfjorden.

Nokre meter unna sjøbruksmuseet stod skipsverftet der den legendariske fiskedamparen «Skrøyfa» var bygd i 1915 – med berre handreiskap. Foto av mannskapet viste endatil oldefedre til eit par av niandeklassingane i salen. Og ein gut frå Hamnes kjente att skarpseglaren «Embla», som var bygd der på garden i 1893.

Biletserien hadde også med forliset til rutebåten «Statsraad Riddervold» i 1944 - rett bortafor museet. Dessutan skuter som frakta støypesand frå elva Surna til oppbygginga av det krigsbomba Kristiansund.

Trelast, Bøbrua og «Mannbjønnen»

Elevane fekk sjå og høre 400 år sagbrukshistorie - frå Zetumb Saug i hollendertida på 1600-talet via Nordmøre Impregnering og fram til dagens Bøfjorden Sag - på same området.

Bøbrua, som vart bygd i 1964, batt saman folket på begge sidene av Bøfjorden og skapte ei ny tid for folket i bygda.

Historietimen på museet toppa seg i det store dramaet om «Mannbjønnen» i 1770-åra. Da vart fem menneske rundt Bøfjorden drepne av bjørn - noko særmerkt både nasjonalt og internasjonalt. Overtru og mystikk fletta seg inn i dei faktiske hendingane den gongen. Og ikkje minst var det lydhøre elevar som tok til seg forteljinga om Skyttar-Tølløv som etter segna skaut Mannbjønnen - med ein sølvknapp!

Quizen etter museumstimen viste at alle hadde følgt godt med!

VI SPONSER BØFJORDNETT