Skal sjekke ståa på brua

Bøbrua

Frå 1. - 4. september og frå 9.-11. september skal det gjennomførast inspeksjon av fleire bruer i Surnadal kommune, melder Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Dette gjeld også brua over Bøsundet i Bøfjorden.

Arbeidet blir utført både på dagtid og kveldstid, og det blir nytta lift under inspeksjonane av bruene.

– Medan vi arbeidar vil smalare bruer bli heilt stengt i inntil 15 minutt. Bruer med to køyrefelt vil ha eitt felt ope, med manuell dirigering, opplyser bru- og kaiforvaltar Ingrid Anne Lervik i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dette er ein del av dei rutinemessige inspeksjonane som blir gjort på fylkesvegbruer. Dei er viktig for å sikre trafikktryggleiken.

VI SPONSER BØFJORDNETT