Skal kjempe om EM-plass
![Una&Aurora[4]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4595445.2107.wwtntuplkjwmwq/800x0/6265560_4595445.jpg)
Aurora Dønheim Berle og Una Langeland Gravvold har fått moglegheita til å kvalifisere seg for å delta på det norske landslaget som skal til EM i Taekwon-Do i Bratislava i Slovakia, melder TK.
Bøfjordingane skal være med på landslagsuttak i Trondheim på januar - uttaket er basert på haustens resultater frå regionale meisterskap og NM.
Samlinga i Trondheim er ikkje ei breddesamling, men altså ei uttakssamling kor to tredjedelar av dei som er med på samlinga blir sendt til EM i Slovakia.
Da gjenstår det å sjå om Aurora og Una kjem seg i gjennom nålauget som gjev dei plass på det norske landslaget i EM!
Vi ønsker lykketil!
Les heile artikkelen i TK ved å klikke deg inn her! (krev +-abonnement)