Sjøbruksmuseet: Takk for i år!

Med stor takk til publikum og hjelparar avslutta Bøfjorden Sjøbruksmuseum sesongen sist søndag. Ein kort og uvanleg sommar munna ut i 25 års tilbakeblikk sia starten i 1995.

2020 Takk b Sabben
Anders Vaagland og Gunnar Strand starta Sabb-motoren også denne søndagen.
Styremedlem Gunnhild Vetleseter Bøe ved nokre av gevinstane som vart trekte søndag. Det flotte måleriet øvst var gjeve av kunstnarinna Hilda Karin Aksdal Aass.
Styremedlem Gunnhild Vetleseter Bøe ved nokre av gevinstane som vart trekte søndag. Det flotte måleriet øvst var gjeve av kunstnarinna Hilda Karin Aksdal Aass.
Entuasiastane Randi og Edvin Fjærli er fine representantar for dei mange som har gjeve gåver til både utlodninga og museumssamlinga denne sommaren.
Entuasiastane Randi og Edvin Fjærli er fine representantar for dei mange som har gjeve gåver til både utlodninga og museumssamlinga denne sommaren.


Styret i Bøfjorden Historielag vil takke publikum, kåsørar og gode hjelparar som gjorde det muleg å samlast til museumsdagar også denne pandemisommaren. Rett nok vart den kortare enn vanleg, men godt oppmøte innan koronarammene viser at drifta er liv laga også under vanskeleg vilkår.

Trufast publikum

Takken går først og fremst til eit trufast publikum – der mange møter opp søndag etter søndag. Kåsørane Lars Indreiten, Nils Røv og Einar Oterholm hjelpte styret med fine program. Frivillige gjorde stor innsats både med kjøkenteneste og med administrasjon av namnelister, hygienetiltak og loddsalg.

Kort sesongutlodning gav 17.000 kr

Utlodninga kunne vise til eit rikhaldig gevinstbord takka vere stor gjevarinnsats av folk med hjerte for museet og historielaget. Gåvebordet utløyste loddkjøp for 17.000 kroner i løpet av dei åtte museumsdagane i sommar. Så var det da også mange fornøgde vinnarar som fekk med seg eignating heim etter trekkinga.

Mykje nytt gammelt til samlinga

Gåver til sjølve museumssamlinga har det kome mange av også denne sommaren – frå Asbjørn og Sigrud Solem, frå Utistua på Heggem, familien Nessæther, Randi og Edvin Fjærli, Grete og Terje Ramsøy-Halle og fleire. Museet er såleis berika med sveivegrammofon og kongebilete frå 1905, dokument, bøker frå gamle Heggem skule, fortøyningsblåse, husflidsarbeid og ei prektig båtrye og meir til.

Sabb’en laga stemning

Takk også til maskinistane Gunnar Strand og Anders Vaagland som har skapt ekstra stemning attmed museet når dei har starta den klassiske Sabb-motoren. Slik også på avslutningsdagen. Meir enn noko anna gir den taktfaste dunkinga (og lukta av eksos!) ekte minning om den sjøkulturen som historielaget ønskjer å ta vare på gjennom drifta av Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Så får vi håpe på ein ny, koronafri og enda betre sommar neste år!

VI SPONSER BØFJORDNETT