Sjøbruksmuseet søndag: Markabruk og strandkultur

Markagarden Trodalen står sentralt i søndagens biletkåseri på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Temaet «Markabruk og strandkultur» tek for seg det historiske turlandskapet mellom Bøkleppen og Flessastranda.

Markabruk b Trodalen
Trodalen er populært turmål. Her er kyrkjestaben i Surnadal på utflukt.
Markabruk D Båtvika
Båtvika var handelsstad og sentralt «vegkryss» ved fjorden på 1800-talet.
MARKABRUK C Tjyvåa Fallet Ukjend fotograf
Tjyvåa – med fossen Fallet – stupar ned frå fjellet attmed Trodalen.
Sommarsesong 2016 BøfjSjbrMuseum
Sommarsesongen på Sjøbruksmuseet
MUSEUMSPLAKAT


Langs fjorden budde folk der ingen skulle tru det gjekk an – som i Lykkja, Kleppnausta, Grava og  Båtvika. Men tru om att: Båtvika var nordmørsk trafikksentrum – endatil med gjestgiveri i seglskutetida. Og her finst gravhaugar frå bronsealderen.

Fråflytta Trodalen er populært turmål i dag. På museet søndag møter ein spennande historie herifrå – både om Mannbjønnen på 1700-talet og skiferproduksjonen med 15 tilsette i 1940-åra! I lydopptak fortel  Dagny Trodal Røsandnes (1921-2013) om dette og mykje anna.

Også fjellturar i området er gjenstand for flotte fotoglimt – Bølia med vid utsikt, seterlandskapet i Flessamarka, der Nessasetra (stua frå 1700-talets Surendalsnes) er intakt, og imponerande veganlegg til fjells.

Kulturhistorie og freistande turtips går altså hand i hand  på museet i Bøfjorden denne søndagen.

VI SPONSER BØFJORDNETT