Sjøbruksmuseet søndag: Artig-vers og naturnamn

Fargerikt lokalspråk fyller søndagens tema på museet i Bøfjorden. Morodikt av Hyldbakk og Gravvold, friske terrengnamn og flotte naturfoto står på plakaten.

Artig A Gunnh og B[1]
Hyldbakk, Gravvold og ein flora av gode terrengnamn er søndagens tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Med Bøkleppen og Supakleppane i bakgrunnen inviterer kaffeansvarleg Gunnhild Vetleseter Bøe og programleiar Bernt Bøe til ein lattermild (og kanskje litt lærerik) ettermiddag. Foto Randi Bøe
Artig B Jørgen G[4]
Gode vers frå «Ville blomstra» av Jørgen Gravvold blir å høre.
Artig C Hans H
Med «hauet på ein stake» (som han sjølv sa) kan Hyldbakk virke alvorsam her. Men Kleivakongen kunne også få folk til å le! Montasje: Bernt Bøe
Artig D Håkksåteinen
Grensestein, turmål og namnegåte: Håkkåsteinen. Foto Bernt Bøe
Artig E Bøfjorden
Frå Bølia kan ein fråtse i namn og landskap: Tussane og (innder) Blåfjellet, Svarthammaren, Elvaneset og Merrabukta, Grashomen, Steinholmen og Purkvika ... berre forsyn deg! Foto Bernt Bøe
Artig F Tjyvåa
Både opphav og skrivemåte gjer namnet Tjyvåa ved Trodalen til ei lita gåte. Foto Bernt Bøe
0629 Plakat Mus


Jørgen og Hans hadde brei penn og tolka alle livets sider. Men denne gong vil dei ha oss til å le - rett og slett: Vi les «Ita kviløk», «Øraliv», glimt frå «Olaf» sine påfunn og meir til av Jørgen. Hans blir representert med «Bastuba’», «Pollakarrain» og slikt.  

Terrengnamna fortel
På lerretet dukkar flotte landskap fram - med terrengnamn som fortel sine historier. Da blir det gjerne samtale med publikum om kva namna betyr og korleis dei vart til: Sjølgjetla, Durmålhaugen, Skjerdingfjellet, Håkkåsteinen. Mystikk og pussigheter manglar heller ikkje: Tussan, Trollbakkan, Tjyvåa - og Skamvettholet!

Humor og språkglede
Logikk og skrivemåte kan luftast. Kvifor skriv kommunen «Orrenlia» om området som er oppkalla etter orrhøna? Rom for debatt er det sjølsagt. Men det er humor og språkglede - over kaffekoppen – som skal prege denne søndagen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

… For Bøfjorden Historielag: Bernt G. Bøe …
 

VI SPONSER BØFJORDNETT