Sjøbruksmuseet: Rimsmedar og kulturhistorie frå Kvalnesvika

Populært turmål med fascinerande historie: Kvalnesvika mellom Bøfjorden og Halsa er søndagens tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.
Kvalnesvika a Indreiten Lars
Lars Indreiten kåserer om poetar og tildragelsar på den nedlagde garden Kvalnesvika.
Kvalnesvika f I dag
Kvalnesvika i dag – populært turmål i storarta landskap.
Kvalnesvika g Trollgaupa
«Trollgaupa i Kvalnesvika» - nifs historie frå Edvard Langset sine folkeminnesamlingar
2020 08 09 Plakat Bøfjorden Sjøbruksmuseum
Kåsør Lars Indreiten fokuserer mest på rimsmedane herifrå – Jon Reitan, Gunnar Betten og Johannes Reitan. Dei skreiv vakre og ikkje minst artige viser og dikt, og mangt eit festleg innslag til Halsa-revyane kom frå det poetiske miljøet i Kvalnesvika. Kåseriet blir illustrert med foto på lerretet. Det er ein forsmak på den større kulturkveld om same tema i Halsa i oktober.

Litt historie frå den fråflytta garden blir med. Funn av fangstgraver, segner og veghistorie flettar seg saman med levd liv i det vakre, men strabasiøse landskapet. Kvalnesvika ligg i dag lengst sørvest i det utvida fylket Trøndelag.

Bøfjorden Sjøbruksmuseum serverer kaffe og sel lodd innan trygge koronarammer. Det er i denne tida plass til 40 besøkande.

VI SPONSER BØFJORDNETT