Sjøbruksmuseet: Balldag og bustadhistorie

Sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum blir søndag avslutta med sildballmiddag, basar og kåseriet «Hus på flyttefot».

Balldag c Settemsgeilen
Settemsgeilen – gammel røykjestue med spennande historie.
Balldag d Sjølgjetla Bjørkvang
Bjørkvang i Betna vart slepa dit på flåte – men kvar ifrå?
Balldag g Meieriet
I dette huset produserte dei smør for eksport til Newcastle. Kvar står det no?
Balldag f Dordi Dørdi STALLA på Åsgard
Dama på biletet kalla heimen sin «Birkelind». Men folk sa «Stallen» ...
Balldag e Elisabetstua
Elisabetstua frå Årnes (øvst) tok sjøvegen til Rangøya.
2018 09 16 Museet


Balldagen er populær tradisjon. Mange vil også få med seg trekninga etter sesongutlodninga.

Dagens tema er «Hus på flyttefot». Mange bygningar – våningshus og uthus - vart i gamle dagar flytta til nye tufter, anten i same bygda eller lenger unna. Ein biletserie viser slike hus før og no. Folkelege historier, ispedd notat frå Hans Hyldbakk og Knut Aarnes,  blir fletta inn i programmet. Her er både humor og snev av drama.

Kva skjedde med Elisabetstua frå Årnes? Kvar står husa frå Sjølgjetla i dag? Har du høyrt om Dordi-Dørdi Stalla? Og om Bøfjordens Meieri? Kan det stemme at Settemsgeilen har vore opp-nova fire gonger og først var ei militærbrakke?

Det kan bli eit underhaldande middagsselskap på museet denne siste søndagen før dørene stengjer.

VI SPONSER BØFJORDNETT