Sjå Steinar sine flotte naturbilete frå Bøfjorden

Steinar Johansen har hatt hytte i Steinholmlia i Bøfjorden sidan 1972. Han er meget natur interessert, og har naturfoto som sin største hobby. No vil han dele naturbilete frå Bøfjorden med alle lesarane på Bøfjordnett.

Steinar Johansen og hunden[1]
Turkameratar: Dei fleste har nok sett Steinar på tur saman med hunden Lexi. Lexi gjekk dessverre bort 1. februar i år.


Johansen seier til Bøfjordnett at han trives og pratar varmt om Bøfjorden, ei grend han tykkjer er ein fantastisk stad.

- Eg har lenge tenkt at folk som bur i denne grenda og ikkje minst ukjende, som er nysgjerrig på denne plassen burde kunne få sjå bilete som viser kor flott det er her. Fjorden, skogen, fjella og turmoglegheiten som fins her. Eg har eiga webside med fleire album, og eit eige album med bilete frå Bøfjorden og omegn. Dette er flott reklame for Bøfjorden, avsluttar Johansen.

Vi har no laga eit eige menypunkt på hovedsida på Bøfjordnett under navnet "Naturbilete", der kjem du rett innpå albumet med bileta frå Bøfjorden som Steinar Johansen har teke.

Du kan også klikke deg inn her for å sjå bileta hans.

God fornøyelse!

 

VI SPONSER BØFJORDNETT