Sildballfest avslutta sesongen
Sildball var fattigmannskost, men har vorte festmat. Det beviste fullsett hus på balldagen i Bøfjorden.
![Sildballfest A[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/5205052.2107.aqjaaunwzlnqil/800x0/6618947_5205052.jpg)
Ballkokar Kjell Arve Vikavoll og kjøkengjengen fekk mykje lovord for serveringa. Også resten av programmet på sesongens avslutningsdag drog folk til museet.
Ypperleg musikk – også med motorkomp
Musikkgruppa Hjemmelaget formidla variert taffelmusikk på beste måte. Kapellmeister og trekkspelvirtuos Peder Hønsvik sine arrangement kling ypperleg. Attåt han består gruppa av Espen Wilhelmsen - gitar, Alex Kurbanov - keyboard, Tony Hopen - trommer og Anne Dyrnes - bass. Dei to siste hadde også songinnslag.
Ute ved trappa sørga Anders Vaagland og Gunnar Strand for at museets båtmotor, ein klassisk Sabb, skapte taktfast stemning. Med motoren som «rytmeseksjon» slo da også trekkspelar Peder og trommis Tony til med eit friskt jazzinnslag!
Bernt Bøe kåserte om dei seks kyrkjene i Surnadal - med utgangspunkt i den no komplette bokserien om lokalt kyrkjeliv.
Kjøpt lodd for nesten 30.000!
Eit høgdepunkt var trekninga av sommarens utlodning. Her fekk fine gevinstar sine rette eigarar. Ola Skjølsvoll vann den største - eit kunstverk av Astrid Megard Sollid.
Sia sesongstarten i juni har publikum kjøpt lodd for 29.390 kroner. Dette kjem godt med, for Bøfjorden Historielag driv nemleg både sjøbruksmuseet, kyrkjebåten «Hjelmkonnå» med eige naust forutan ei stor maritim samling utan fast offentleg stønad. Berre kaffeservering, medlemspengar og loddsalg held aktiviteten i gang – takka vere stor dugnadsinnsats.
I løpet av 13 søndagar i sommar har Bøfjorden Sjøbruksmuseum vore besøkt av mellom 600 og 700 peronar. Og som ein forstår, har også sildballtradisjonen ein sentral plass i historiearbeidet!
........ Bøfjorden Historielag – Bernt G. Bøe .........