Sesongslutt på museet: Balldag i Bøfjorden

Sildball var fattigmannskost, men har vorte festmat. Museet i Bøfjorden avsluttar årets sommarsesong med stor balldag.

Balldag A (1)[1]
Sildball var enkel kvardagskost, men har vorte ettertrakta furkunnmat. Kvart år tilbyr sjøbruksmuseet ball på avslutningsdagen.
Balldag B1
Historielagets Tore Sannes og Gunnhild Vetleseter Bøe har gryter og tallerkar klare før innrykket av middagsgjestar.
Balldag C Gjestar (2)
Balldagen er oftast godt besøkt. Her frå eit tidlegare år.
Balldag D (2)
Kristian Settem er styremedlem i historielaget, søndagens ballkjørar - og stor sildballentusiast!
Balldag E
Gevinstane på basarbordet ventar på sine nye eigarar ...
Plakat Balldag 2025


Søndag er det fulle gryter på kjøkenet – så lenge det varer. Ein ventar stort innrykk av gjestar på sommaravslutninga i jubileumsåret 2005. 

Kva som blir Dagens Tema på lerretet denne avslutningsdagen, er hemmeleg. Men arrangøren lovar eit aktuelt innslag attåt middagen.

Takk for gåver og støtte

Trekninga av sesongens utlodning er elles eit høgdepunkt. Mange fine gevinstar skal få nye eigarar.

- Vi er takknemlege for gåver vi har fått og for publikums stønad gjennom kjøp av lodd, kaffe og medlemskort, seier styret i Bøfjorden Historielag. - Med slik dugnad kan vi drive eit levande museum.

Reparasjonar

Økonomisk har sommaren 2025 gått rimeleg bra. - Men kvar krone tel, for det over 90 år gamle museumsbygget treng utbetringar no i haust.

Uansett kan mette middagsgjestar og glade gåvevinnarar runde av denne 31. sesongen på Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

 

…. Innsendt av Bøfjorden Historielag …. Alle foto: Bernt Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT