Sesongopning på sjøbruksmuseet

Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sommarsesongen komande søndag. Kjøkenet serverer middag (sodd) og kaffe. Christen Settemsdal er dagens kåsør.

Sesongopning c Skei i Surnadal Olav Torvik
Frå Torvik-samlingane: Skei i Surnadal rundt 1950.
Sesongopning b Settemsdal Chr a
Christen Settemsdal har teke vare på fotosamlinga etter gammelonkel Olav Torvik.


Dagens tema er «Smakebitar frå biletsamlinga til bygdafotografen Olav Torvik». Eigar av samlinga, grandnevøen Christen Settemsdal, presenterer kjente og ukjente bilete i sitt fotokåseri.

Olav Torvik var ein aktiv og dyktig fotograf som dokumenterte mykje av samfunnslivet på Nordmøre i første del av 1900-talet. Programmet gir gjensyn med MRF-rutebåtane, verksemder og arbeid i bygdene, trafikk, folkeliv og grendesamfunn i endring.

Museet er ope heile ettermiddagen frå kl. 13 til 17. Dagens tema er som vanleg kl. 15.

VI SPONSER BØFJORDNETT