Sesongopning på Bøfjorden Sjøbruksmuseum

Bøfjorden Sjøbruksmuseum opnar med middag, musikk og fotball-tema komande søndag. Det er dag 3 av årets Bøfjordhelg.

00 1 Nett Bøfjorden Sjøbruksmuseum PLAKAT Museet 2013 06 09
Bøfjordlaget endeleg på eigen grasbane - i 1973. Fremst frå venstre: Helge Bjørn Bæverfjord, Peder Snekvik, Kjell Svendsli, Arvid Skrøvset, Ola Sæther. Bak: John Heggem, Olav Egil Ansnes, Bernt Bøe, Gunnvald Bøe, Edvard Settem, Rolf Gunnar Hamnes.

«Makkolaget» frå 1951 – før Bøfjord hadde eigne drakter. Bak frå venstre Ingvar Bøklepp, Aksel Bøe,Tore Sollid, Olav Jan Sættem, Odd Heggem. Midtrekka: Kåre Staknes, Johan Ansnes, Sverre Bøe. Fremst: Kåre Dønheim, Sverre Holm, Steinar Sæterøy.

Damene kom med i Bøfjord-fotballen i 1985.
Damene kom med i Bøfjord-fotballen i 1985.
Lilleputt rundt 1990. Ståande frå venstre John Reidar Endresen, Gøran Rønning, Stian Solem, Gøran Settemsdal, Eigil Settemsdal. Framme: Henrik Blekken, Birgit Settem, Arnt Ole Endresen, Kay E. Nessæther.

«Hjemmelaget» er populære gjestar i Bøfjorden. Frå venstre Espen Wilhelmsen, Tony Hopen, Peder Hønsvik, Alexey Kurbanov, Venke Fredriksen, Åsta Andreassen og Arild Fiske.
«Hjemmelaget» er populære gjestar i Bøfjorden. Frå venstre Espen Wilhelmsen, Tony Hopen, Peder Hønsvik, Alexey Kurbanov, Venke Fredriksen, Åsta Andreassen og Arild Fiske.
00 8 Nett SJØBRUKS g Magne Gunnv Kirsten
Bøfjorden Historielag inviterer til program både i helga og kvar søndag resten avsommaren: Frå venstre Magne Bøe, Gunnvald Bøe og og Kirsten Baadnæs Bøe.

Tema for dagen er «Ballsprett på Leikarvollen». Biletkåseriet gir gjensyn med gamle fotballbragder heilt frå «Makkolaget» sine dagar rundt 1950 - via opp og nedturar fram til årets sesong, da Bøfjord igjen er med i serien. Programmet markerer eit lite 40-årsjubileum for Leikarvollen stadion, som vart bygd i 1973.

Historielaget viser bilete frå over 60 år med fotball i Bøfjorden. Mange vil kjenne att profilar frå fotballbanen – også frå tida før laget fekk sjøleigande grasbane. Glimt frå gamle Leikarvollen finst også. Men folk i bygda blir oppfordra til å leite opp det som måtte finnast av fotballbilete frå riktig gamle dagar! Artige historier blir det garantert også.

Det var ønske frå Bøfjordhelg-komiteen som skuva fram starten av årets sommarsesong på museet. Difor er det middag og kaffe og få også på siste dagen  av den store helga – som varer «tre heile dagar til ende».

Musikkgruppa «Hjemmelaget» - no også med vokalisten Kari Synnøve Morset – sørgjer for taffelmusikk av beste merke. Her kan ein altså kose seg med variert program og nok å bite i heile dagen.

Programmet er samordna med kyrkjetrim langs Åsskardfjorden og roing med «Hjelmkonnå» i høve sommargudstenesta i Åsskard kyrkje. Her samarbeider både sokneråd, idrettslag og historielag.

VI SPONSER BØFJORDNETT