Sesongfinale: Ballfest og basar

- En sommer er over, syng Kirsti Sparbo og får følgje av publikum i Bøfjorden. Med ballfest og basar avslutta sjøbruksmuseet sommarsesongen 2025.

Ballfest A RMT[1]
Randi, Mayse og Tore sørga for at dagen vart ein retteleg ballfest. Foto Mali Settem
Ballfest B
Hos Gunnhild i Litlsalen – Gammelbua – var det kaffe og godkaker å få. Foto Mali Settem
Ballfest C Gevinst
Annbjørg Dahle og Emil Sæterbø vart eigarar av kyrkjemåleriet og ein stor kasserolle – sikkert veleigna til ballkoking! Foto Bernt Bøe
Ballfest D Biletkåseri
Biletkåseriet tok for seg sildefiske i ulike former. Foto Gunnhild Vetleseter Bøe
Ballfest E Lodd Tønne
Med loddet (til venstre) leita veteranbasen Edvard Settem fram silda der ho fanst. Og da kunne det bli tønnevis med lekker spekesild! Montasje frå lerretet
Ballfest F Man tager
«Man tager ...» Lynoppskrift i laging av sildball. Foto og montasje Bernt Bøe


På programmet stod sildballmiddag, biletkåseriet «Frå fjord til bord» og trekning av sommarens utlodning. Styret i Bøfjorden Historielag jobba heile nonsøkta, mest med serveringa. - Nydeleg mat, var gjennomgangstonen blant dei mange middagsgjestane.

Takk til gjevarar og hjelparar

- Med nesten 29.000 loddkroner har de støtta museumsarbeidet så det monnar! sa styret i historielaget og takka samtidig for all dugnadsinnsats på Bøfjorden Sjøbruksmuseum i sommar. Takken galdt så vel motormann Anders Vaagland som ein talrik kjøkengjeng og andre som har halde drifta i gang. 

Mange har skaffa gåver til basarbordet, og trekninga var imøtesett med spenning. Hovudgevinsten, Sigrun Hesjehagens måleri av Åsskardkyrkja, vart vunnen av Emil Sæterbø.

Sild - frå fjord til bord

Dagens kåseritema handla naturleg nok om sild, sildefiske og om korleis det unike råstoffet blir foredla til festmaten sildball. I kommentar til biletserien vart det sagt at kjendisar som Olav Tryggvason, Bjørnstjerne Bjørnson eller Sylvi Listaug ikkje kjem halvnære silda i betydning for norsk historie!

Godt besøk – mest utafrå

I løpet av sommaren har rundt 600 menneske besøkt museet i Bøfjorden. God reklame for bygda er det at mange av desse kjem langveges frå - som Todalen, Tingvoll, Kristiansund, Heim og Aure. Eit ønske hos dugnadsgjengen er at oppslutninga frå hyttefolk og fastbuande i bygda kanskje kan auke litt neste sesong.

For ein håpar og trur - slik Kirsti Sparbo held fram: - En sommer er over. Men vi skal ses igjen til neste år!

VI SPONSER BØFJORDNETT