Samhandling med livsverdi

Grease[1]

Onsdag kveld fekk eit fullsett Bøfjorden Grendahus ei oppleving som gjenføder trua på estetisk samhandling. Framføringa av «Grease» med 6-7. trinn ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, anført av ustoppelege Bodil Kvam Aasbø, med støtte av lærarstab og andre vaksne i deler av produksjonen, skapte våte augo og varme hjarte hos oss alle.

Ei dristig storsatsing viste kor dyktige barn kan vera når dei får høve til å utfalde sine allsidige evner i god setting! La gå at stoffet (for å vera ærleg) nok høver betre for nostalgiske vaksne enn for barn - det forringar ikkje verdien av satsinga.

Den tverrfaglege profilen dekkjer eit vidt område: Språk (alt gjekk flytande på engelsk), musikk, dans, drama, forming, kroppsøving, teknologi og meir til. I ei tid da estetiske fag lever farleg i samfunns- og skulepolitikken, legg Åsskard-ungane inn eit slåande argument for verdiar som rekk lenger enn kortsiktige prioriteringar.

Framføringa baud på imponerande enkeltprestasjonar både songleg og scenisk. Men viktigare er likevel det som Johnse Sættem i Bøfjorden Teaterlag framheva i ein begeistra takketale: Samhandlinga – lagspelet. At alle barna har kvar si rolle og får bety noko viktig for dei andre og for heilskapen, kan ikkje verdsettast høgt nok.

Når primus motor Bodil ikkje stakk seg fram, men faktisk var usynleg «off stage» heile kvelden, understreka ho dette til fulle. (Men ho hadde fortent ein stor blomsterbukett!)

Måtte vi få meir av denne type samhandling i skule og kulturliv. For kveldens unge aktørar vil deltakinga i «Grease 2019» vera ein skatt å ta med seg resten av livet.

Takk!

Tekst: Bernt G. Bøe
Bilete: Elin Merete Hamnes 

VI SPONSER BØFJORDNETT