Samarbeid for positiv samfunnsutvikling

Nettverksmøte

Vil du bli ein del av eit samarbeid for å gjere Bøfjorden til ein enda meir attraktivt stad og bu og feriere i?

Dersom fleire aktørar går saman kan vi få pengar og hjelp frå Møre og Romsdal Fylkeskommune gjennom ei satsing for å auke turismen til bygda. 

Da kan vi lage gode planar, eventuelt nye opplevingar og marknadsføre eksisterande lag/foreingar og bedrifter. Dette for å trekke fleire turistar til bygda, stimulere til nysatsing og styrke eksisterande næringsliv.

Dersom vi etablerer eit nettverk eller ei forening for å gjere Bøfjorden til ein enda meir attraktiv stad og bu og feriere i - fins det midlar tilgjengeleg til dette føremålet.

Den som ønskjer og være med på dette kan skrive seg på ei liste som ligg ute på Coop Marked Bøfjord.

"Bøfjordnett" vil poste oppdateringar om framdrifta og andre nyheiter når det ligg klart.

(Bilete er teke av Bernt G. Bøe - det var ikkje akkurat nokre blidfisar på biletet, men stemninga og optimismen var god under møtet altså! :-) )

VI SPONSER BØFJORDNETT