Saman gjer vi ein forskjell, Fasteaksjonen 2023

Fasteaksjonen 2023

Tysdag den 28. mars kjem konfirmantar og andre frivillige bøsseberarar frå sokna i Rindal og Surnadal rundt til heimane for å samle inn pengar til Fasteaksjonen.

Konfirmantar, frivillige og tilsette i kyrkjelyder over heile landet førebur seg til å gjere ein forskjell gjennom Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 26. – 28. mars.

Tysdag den 28. mars kjem konfirmantar og andre frivillige bøsseberarar frå sokna i Rindal og Surnadal rundt til heimane for å samle inn pengar til Fasteaksjonen.

Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». For eit håp kan faktisk byrje med ein drope vatn! Vatn kan endre eit liv, ein landsby og eit land. Femtenåringen Deodata Julius i Tanzania er eit døme på korleis vatn kan forandre liv. Tidlegare måtte ho gå tre timar to gongar dagleg for å hente vatn til familien sin. Ho vart trøytt og sliten av den tunge vassberinga, og droppa ofte skolen. Då landsbyen fekk brønn, byrja Deodata på skolen igjen. No drøymer ho om å bli lege.

Tilgang til reint vatn gjev positive ringverknader, og har forandra livet i landsbyen Deodata bur i. Vassborne sjukdomar er reduserte, og reint vatn har ført til betre helse. Vasstilgang gjev også bøndene moglegheit til å effektivisere jordbruket. Smarte dryppsystem gjev moglegheiter for tredobling av inntektene, og gjer også bøndene betre rusta mot klimaendringar. Det er håp i ein drope vatn!

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet ein treng for å forandre liv på sikt, men også moglegheit til å redde liv i akutte kriser og katastrofar. Takk vere innsamla middel frå mellom anna fjorårets fasteaksjon, hadde Kirkens Nødhjelp moglegheit til å gje akutt nødhjelp til flyktningar då krigen braut ut i Ukraina for over eit år sidan. I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastroferespons til jordskjelvråka i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Skolar, kyrkjer og moskear gjev husly til mange huslause. Samarbeid med lokale partnarar mogleggjer rask respons når kriser og katastrofar inntreffar.

Dugnadsånda og gjevargleda som kjem til syne gjennom Fasteaksjonen bidreg til å skape håp og forandring verda over. Saman gjer vi ein forskjell seier diakon Gro Hauge Venås, lokal leiar av Fasteaksjonen i Surnadal og Rindal.

VI SPONSER BØFJORDNETT