«Salmesus» i Stangvik

Kvifor ikkje? Når konfirmantane skal lære om salmeboka, kan vi jo ha open songkveld i kyrkja!

Salmesus 00a P17 [1]
Koret Prosjekt 17 gjer onsdagen øvingskveld til allsongstund her i Stangvik-kyrkja. (Foto Bernt Bøe)
Salmesus 00c Torbjørn B
Torbjørn Brøske vil ause av sin salmekunnskap til konfirmantane og alle andre på den opne kyrkjesongkvelden. (Foto Bernt Bøe)


Slik tenkjer konfirmantprest Torbjørn Brøske, organist Bernt Bøe og Stangvik sokneråd. Når i tillegg Tordenskjold Songlag og koret Prosjekt 17 gjer øving til open kyrkjesongkveld, blir det retteleg salmesus i Stangvik-kyrkja onsdag.

Programleiar Torbjørn tek forsamlinga med inn i salmelitteraturen. Kyrkjeårets høgtider og tema om livet og verda utfaldar seg i tekster og tonar. Musikk frå mange hundreår og ulike verdsdelar gir klang til levande dikt frå vår rikaste kulturbok.

Begge kora føre an i allsongen. Tordenskjold Songlag gir smaksprøver frå programmet for sin komande utanlandsturne. Prosjekt 17 syng både Mendelssohn og nylaga lokal musikk.

Men allsongen viktigast denne kvelden. Med salmeboka som kjelde vil konfirmantane og alle andre frammøtte få del i ein udøyeleg del av kulturen vår. 

Kvelden er open for alle som vil synge og lytte. Det er grunn til å tru at salmesusen vil fylle kyrkjerommet og by på mange gode opplevingar denne onsdagskvelden.

VI SPONSER BØFJORDNETT