Røsslyngen 4H på superhelg i Fræna

4H superhelg

 Styret i Røsslyngen 4H har vore på superhelg i Malmefjorden/Elnesvågen veke 6, den 10-12. februar.

Dette var ei historisk helg for 4H i dette fylket, for dette er fyrste gongen dei har arrangert superhelg i Møre og Romsdal.

Dei som er i styret som var med på superhelga var Benjamin S. Rønning (leiar), Kristin Bøklep (nestleiar), Una L. Gravvold (kasserar), Mari Bøe (B-rådgivar og DAF-instruktør) og Aurora D. Berle (sekretær).

Superhelga er ei helg der det er DAF-Kurs (Drift av 4H-klubb), plakettfest og årsmøte. Det var i alt 27 klubbar og 115 styremedlem. På DAF-kurset lærer styret i dei forskjellege 4H-klubbane sine roller og oppgåver. Det er også mykje sosialt og man får mange nye venner. Det er ein god fordeling mellom lærdom, leik og spel.

På plakettfesten får dei som har vore med i 4H i sju år ein utmerkelse, diplom og ein plakett. I år var det 24 som fekk plakett i fylket.

På årsmøtet bestemmer vi årsplan, budsjett og val av nye styremedlem i fylket.

Dette var altså ei super helg med leik, kos og kunnskap som vi kommer til å hugse i lang tid.

For styret i Røsslyngen 4H

V/Sekretær Aurora D. Berle

VI SPONSER BØFJORDNETT