Rik feiring av helgemesse

Allehelgensdagen (Helgemesse) vart markert med mange og varierte samlingar i kyrkjene på Nordmøre - som elles i landet. 

Helgemesse Åsskard a LYSTENNING
Kristian Settem (t.v.) og Kirsti Hjørnevik tente dei 11 minnelysa i Åsskard kyrkje. Sokneprest Kristin Strand for altaret og dagens klokkar Nora Vetleseter Bøe ved lesepulten. (Foto: Bernt G. Bøe)
Helgemesse Åsskard b KORGRUPPE
Gruppa frå koret P17 la kantorisatsar til salmesongen i Åsskard og framførte som postludium Skjæraasens «Himlen blåner for vårt øye». (Foto: Øyvind Magnor Bøe)


Minnet om nyleg avdøde vart heidra med tekster, song, musikk og lys. Menighet, venner og pårørande møtte talrikt opp.

Lista over lokale samlingar viser at denne kyrkjedagen er høgt prioritert - frå Øvre Rindal til Averøy, Kristiansund og Smøla.

Dei fleste kyrkjene hadde også i år vanleg gudstenesteliturgi med innlagt minnestund og lystenning. Men mange stader deltok ekstra kulturkrefter attåt eigen kyrkjestab.

Hov i Sunndal kunne skilte med både «Kirkejam» og kunstutstilling. Kirkelandet i Kristiansund hadde to gudstenester og konsert denne helga - med bl.a. Kristiansund Kirkekor og saxofonisten Vibeke Breian. I Nordlandet deltok Kristiansund Kammerkor og fløytisten Carina Øgaard. Tingvoll Kyrkjekor og Straumsnes Songlag framførte verk i sine respektive kyrkjer.

I Åsskard bidrog ei gruppe frå Prosjekt 17 med song og liturgisk teneste. Her sa sokneprest Kristin Strand i si preike at ekte helgenar kanskje opptrer mest i det stille – som gode medmenneske blant oss.

På kyrkjegardar kring heile Nordmøre skein tusenvis av lys ut i haustkvelden og natta - som symbol på varme minne som lever trass i vemod og sakn.

Innsendt av Bernt G. Bøe
Sekretær i Åsskard Sokneråd

VI SPONSER BØFJORDNETT