Referat frå folkemøtet om framtida til butikken i Bøfjorden
Referat:
Det var folkemøte om butikken i bygda på Bøfjorden Grendahus, 17.februar. Her er eit referat frå møtet.
Arrangør: Bøfjorden Grendalag, Styret i Samvirkelaget
Tema: Framtida til butikken vår – hjartet i bygda! Frammøtte: 70-80 personar
Referat:
Leiar i Grendalaget, Ingebrigt Garthe, ønskjer velkommen!
May Iren D. Hovde ønskjer alle velkomne: Ho fortel litt om stoda ved butikken. Kva inneber planane om digitalisering og ein såkalla «hybridbutikk» i Bøfjorden? Mayse viser fram ein PowerPoint-presentasjon med fakta om digitale butikkar og kva det inneber i praksis. Ein hybridbutikk betyr at butikken har bemanning delar av dagen (med vanleg betalingskasse). Når butikken ikkje er bemanna kan kundar komme seg inn og handle ved hjelp av ein app (Coop-Key). Da betaler dei i den digitale skann- og betalkassa. Det vil vere ulike sikringstiltak knytt til den digitale ordninga, som fleire overvakingskamera, Vensafe-automat til automatvarer og låsbart kjøleskap til alkoholhaldig drikke. Coop jobbar også med ei løysing der det skal bli muleg å komme seg inn på butikken ved hjelp av bankkort. Mayse fortel litt om erfaringar andre butikkar har gjort etter at dei har lagt om og digitalisert nærbutikken sin.
Orientering ved Merkur-konsulent for Trøndelag og Nordmøre/Romsdal - Stig Olson: Stig fortel litt om kva Merkur-ordninga er. Dette er bygdeutvikling og distriktspolitikk gjennom butikkutvikling. Dei tilbyr støtteordningar, oppfølging og bistand til nærbutikkar rundt om i landet. Merkur-ordninga legg blant anna opp til «Handle lokalt-kampanjar» for å markedsføre butikken og skape sosiale treffpunkt.
Olson legg til at Merkur-butikkane har gode erfaringar med digitalisering. 13/14 butikkar opplever auka omsetting etter omlegginga til digital/delvis digital (altså hybrid-) butikk. (Den siste butikken vart avvikla grunna interne stridigheiter). Nærbutikkar kan søke Merkur om midlar, som kan dekkje opptil 75% av kostnadane til ulike utviklingsprosjekt. Stig Olson oppfordrar oss i Bøfjorden til å sette i gang søknadsprosessen så snart som muleg for å komme med i støtteordninga til Merkur i år.
Hallvard Brusethaug: Snakkar litt om kostnadar knytt til ei eventuell omlegging til digital/hybrid butikk: Ein kan rekne med ein kostnad på om lag kr. 1.100 000 ,-. Med støtte frå Merkur (kr. 600 000,-?) og Surnadal kommune (kr. 250 000,-?) står butikken att med ein kostnad på omlag kr. 250 000,-. Korleis kan vi finansiere desse kostnadane? Kronerulling? Spleis? Basar? Eigenkapital? Eit mål må vere å ta minst muleg av butikken sin eigenkapital.
Ordførar Hugo Pedersen, sjølverklært «Bøfjordvenn»: Fortel at han er glad for å komme til Bøfjorden og oppleve positiviteten og engasjementet her. Hugo snakkar om viktigheita av ha ein tilstrekkeleg beredskap og eigenberedskap i samfunnet vårt. Vi har rett og slett ikkje råd til å legge ned butikken vår! Den er veldig viktig for forsyninga av mat, utstyr og drivstoff. Hugo har god tru på at også politikarane våre vil vere positive til å støtte butikken i Bøfjorden (gjennom Næringsfondet). Han legg til at det er viktig å vere framtidsretta og gjere det vi kan for å oppretthalde busettinga i kommunen og ha folk i alle delar av landet.
Kaffepause og samtale rundt borda i salen: Folket blir oppfordra til å la praten gå og kome med spørsmål og innspel i/etter pausen.
Spørsmål/innspel frå salen:
- Forslag om kronerulling/innsamling og basar til prosjektet.
- Kor langt tidsperspektiv har vi på dette? Prosessen vidare/tidsestimat:
1) Prekvalifisering av Merkur 2) Uttale og klarsignal frå kommunen 3) Sende Merkur-søknad 4) 8-12 vekers leveringstid. Butikken kan vere klar i løpet av seinsommaren 2024. Stig Olson oppfordrar oss til å sette i gang søknadsprosessen så snart som muleg for å sikre oss at vi kjem med i støtteordninga til Merkur.
- Handsopprekking i salen: Positiv forsamling til å gå i gang med prosjektet!
- Kan vi rekne med eigeninnsats/dugnad? Det vil absolutt vere behov for dugnadshjelp i forbindelse med omlegginga av butikken.
- Kalkulerte utgifter? Mayse fortel at driftsutgiftene kjem til å auke med om lag kr. 68 000,- i året ved ei digitalisering, og at innsparingane først og fremst går på løn. Ein kan spare rundt 15-20 timar per veke i lønsutgifter. Det vil bety betydelege innsparingar og eit større overskudd totalt for butikken. Ho nemner også at det er ikkje lenger er like enkelt å skaffe nok arbeidskraft. Inntektene til butikken svingar mykje gjennom året. Sommarmånadane, og særleg juli, er den mest innbringande tida. I dette tidsrommet vil det derfor vere størst behov for å ha tilstrekkeleg bemanning i butikken.
- Vil det bli digital butikk søndagar? Ja, den vil i realiteten vere open 365 dagar.
- Kva skjer med prisane? Prisane på varer i butikken vil bli uendra.
- Idéen om Spleis er god! Kanskje lag og foreiningar kan bidra med støtte?
- Skryt til butikken frå Morten Betten. Ryddig og ordentleg!
- Det blir foreslått at vi startar innsamling så snart som råd. Ikkje noko å vente med!
Inge Dønheim: Fortel kort om «Bøfjordbuas venner». Styret ønskjer å opprette ei (Facebook/Messenger-)gruppe for alle som brukar og sett pris på butikken vår. Her kan folket bidra med dugnadsarbeid, kome med idear og initiativ, samt vere med å bidra på ulike arrangement og tilstellingar.
Gunnhild V. Bøe: Rundar av med ei kort oppsummering av møtet.
Ordførar Hugo avsluttar møtet med ei oppfordring til bøfjordingane og tilhøyrarane om å stå på vidare, og ønskjer oss lykke til vidare.
Tusen takk for oppmøtet! Referent: Gunnhild V. Bøe