Rakardugnad og årsmøte

Åsskard sokneråd melder:

I løpet av våren vedtek kyrkjene våre framtidig gudstenesteliturgi. Dette blir sak på årsmøtet i Åsskard sokn måndag 10. mai kl. 18. Møtet blir halde i samband med kyrkjegardsdugnaden same dag.

2021 05 10 Åssk Dugnad Årsm


På møtet legg ein først fram årsmelding og rekneskap for 2020. Vidare kan frammøtte ta stilling til soknerådet sitt liturgiforslag. Ei arbeidsgruppe frå Stangvik, Todalen og Åsskard har laga si tilråding – svært lik dei noverande gudstenesteledda. Ein grunntanke i forslaget er at folk skal kjenne seg att og ikkje bli usikre når dei deltek i gudstenesta.

Etter at årsmøtet har hatt høve til å uttale seg, går framlegget vidare til endeleg godkjenning på bispedømeplan. Ein kan elles melde inn andre aktuelle saker til leiar Eva Jorid Svendsen – seinast fredag 7. mai.

Til rakardugnaden på kyrkjegardane same dag kan folk møte når dei vil. Soknerådet oppmodar alle til å ta med høveleg reiskap. Av korona-omsyn kan ein ikkje ha kaffeservering, slik ein helst ville. Difor er det opp til kvar enkelt å ta med mat og drikke til denne årlege våronna ved kyrkja.

VI SPONSER BØFJORDNETT