Rakardugnad i Åsskard
Tysdag ettermiddag 13. mai er det våronn rundt kyrkja på Åsskard.
- Nasjonaldag og konfirmasjon og stundar til, og da må også kyrkjeområdet vera rydda og festkledd, seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen.
Åsskard har gravfelt og uteområde både attmed kyrkja og på det nye gravstedet ved Trøa. – Vi treng mannjamn opplsutning om dugnaden, sjølv om det er mindre lauv og rusk å fjerne enn før, seier Eva. – Men ta med høveleg reiskap!
Sia kyrkja er felles eigedom for alle i soknet, håpar ein på mannjamnt frammøte. Organisert dugnad startar kl 17 og er raskt unnagjort viss mange deltek. Den som ønskjer det, kan ta si økt tidlegare på dagen.
Etter at arbeidet er ferdig, byr soknerådet på mat og kaffe i Kyrkjestua.
Dei andre sokna i Surnadal har gjort ferdig sine dugnader i forkant av konfirmasjonen i dei enkelte kyrkjene.