"Buakokkå" og Bøfjorden Grendahus med samarbeid!
May Iren Dønheim Hovde har i eit samarbeide med Bøfjorden Grendahus lansert konseptet "Buakokkå" kor ein kan leie grendahuset med kokk!
![Buakokkå[1]](https://img7.custompublish.com/getfile.php/4477896.2107.iiw7kjtsswwzn7/800x0/6225724_4477896.jpg)
Dette samarbeidet sikrar Bøfjorden grendahus meir utleige og Coop Marked Bøfjorden sikrar høgare omsetning da alle råvarane blir teke ut via nærbutikken. Med andre ord er dette vinn-vinn for begge partane!
Trollheimsporten har ein fyldig artikkel om samarbeidet - den kan du lese her.
Dersom du ønskjer å leie grendahuset med "Buakokkå" kan du gjere det når du tek kontakt med Eldbjørg Nessæther på vanleg måte som før.
"Buakokkå" vil også innimellom selge middagsmat på grendahuset - dette får du moglegheit til å støtte opp om komande onsdag:
MIDDAGSSALG I LILLESALEN, OPPE PÅ GRENDAHUSET FØRSTKOMMANDE ONSDAG
Frå kl.15.00 til kl.18.00
Dagens middag:
Kjøtt og påsse
Sviskegrøt med fløtemelk
Kaffe
Velkommen til mat og prat!
Det er viktig å understreke at dette IKKJE skal være ein konkurrent med Elvanesset Restaurant på noko som helst måte! Derfor vil salg av middag kun skje når restauranten ikkje held opent - og utanfor sesongen til Elvanesset Restaurant. Middagsalget komande onsdag er meir som ein opningstest på konseptet.