Primstav og merkedagar på museet

Primstav Bøe GB
Primstavvandring året rundt er tema på museet i Bøfjorden søndag. Eit biletkåseri tek for seg kjent og ukjent frå månad til månad.
Kvifor heiter det januar? Finst det kyndelsmess-tradisjonar att på Nordmøre? Og kva dag var det ungane i Todalen skulle ha «Ein gong mat og tri gong’ dengt»?

Kåseriet nemner mange minnedagar – gjerne etter helgenar. Og ein dukkar djupt ned i enkelte av dei, som Trettanddag jul og Olsok. Lokale tradisjonar, pilegrimsvegar, ord og regler blir trekte fram.

Og kanskje visste du ikkje kva marsipan og mortensgås har med heilage tradisjonar å gjera?

Programmet blir avslutta med ein quiz, der vinnarbordet blir premiert.

Elles kan ein kjøpe både lodd, medlemskort og kaffe, seier arrangør Bøfjorden Historielag.

VI SPONSER BØFJORDNETT