Portrett av ein gründer
Bøfjorden Sjøbruksmuseum:
Bøverdalingen dreiv skifabrikk og lastebilfirma, fabrikerte tresolar og klehengarar, var idrettsmann og far til stor familie. Hans Bævre (1903-1991) blir portrettert på museet i Bøfjorden søndag.
Hans Bævre var i nordmørseliten i langrenn som ung. Skiinteressa varte livet ut. Her har han nettopp gått Nordmarksløpet i 1979 – som 76-åring. (Privat foto)
Familien samarbeider med historielaget om temaet. Foto og forteljing om eit uvanleg allsidig og aktivt liv blir supplert med utstyr frå fabrikkane i Nyhusan.
Hans var føregangsmann på mange område. Kanskje vil små overraskingar også dukke opp på Bøfjorden Sjøbruksmuseum denne søndagen.
………. Innsendt av leiar i Bøf.Hist., Bernt G. Bøe .........
















.png)




.jpg)


























