Påskeverksted i Åsskard

Måndag 11. mars frå 17.30 til 19.30 inviterer Åsskard sokneråd til «Påskeverksted» i Kyrkjestua. Her får ungane laga påskepynt og kose seg med mat.

Påskeverksted a[1]
Randi Vetleseter Bøe førebur seg til hobbykvelden. (Foto Bernt Bøe)
Påskeverksted b
Det skal bli mykje slik fin pynt i heimane denne påska! (Foto Bernt Bøe)


Eit liknande «Juleverksted» i desember vart ein kjempesuksess. Mange deltok og viste at kyrkjehuset kan brukast ofte - til mangt!

Eva, Randi og Jane står i spissen. Dei har ordna med mat, hobbyutstyr og er formingslærarar. Ein reknar med at ungar og foreldre møter mannjamnt opp også denne gongen.

Og som nemnt: Det blir servert mat og drikke til alle som kjem!

 

........ Bernt G. Bøe .......

(sekr. Åssk. sokneråd)

VI SPONSER BØFJORDNETT