Påskesong i emning

Påskesong i emning

Påska er vårens store høgtid – også musikalsk. I Åsskard er det tradisjon å feire «Påskesongmesse» med tekster og tonar frå heile veka.

Skjærtorsdag vil ein profesjonell strykekvartett, presten Torbjørn Brøske og damegruppa i det nye koret «Prosjekt 17» ta forsamlinga med på vandring frå palmesøndag til påskedag. Gjennom klassisk musikk, bibel-dramaturgi og messeledd kan turistar og bygdefolk oppleve «heile påska» i tilnærma konsertform.

«Prosjekt 17» består av songarar frå dei nedlagte gruppene Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og Bøfjorden Mannskor. I påskesongmessa i Åsskard er «damelaget» frå prosjektkoret med. Seinare blir heile «Prosjekt 17» å høre i ulike samanhengar. - Og her må gjerne nye songarar melde seg på, seier songarane.

Tonar av Mozart («Ave Verum», «Alleluja», «Agnus Dei» frå Kroningsmessa) og Handel («Air», litt frå «Messias», «Hyllingsmarsj» og «Deg være ære» - i originalutgåve) skaper den musikalske tråden i messa. Vi knipsa nokre av damegruppa under første øving til påskeprogrammet.

Det blir meir informasjon om messa når tida nærmar seg.

VI SPONSER BØFJORDNETT