Påskemesse med storinnrykk

Høgtidstonar og sterke tekster samla over hundre i Åsskard kyrkje langfredag.

Påska A Koret P17 Mali S
Koret Prosjekt 17 hadde sentral plass i messeprogrammet. Foto: Mali Settem
Påska B Sju Ord Mali S
«Jesu Sju Ord på Korset» vart scenisk framført. Her ser vi Per Arne Hyldbakk, Torbjørn Brøske og Arne G. Fiske i sine roller – medan Randi Bøe les frå dei fire evangelia. Foto: Mali Settem
Påska C Torbj B Mali S
Torbjørn Brøske delte sentrale tankar om hendingane frå palmesøndag til påskemorgon. Foto: Mali Settem
Påska D Forsaml BGB
Det årvisse arrangementet var godt besøkt også i år. Foto: Bernt Bøe


Påskemusikk og scener frå Bibelen vart formidla av koret P17 saman med liturg Torbjørn Brøske, klokkar Randi Bøe, fiolinist Synnøve Hammervold og fløytist Tove Elin Strand.

Vandring i tekst og tonar

Messa var ei bibelsk og musikalsk vandring gjennom høgtida frå palmesøndag via skjærtorsdag og langfredag fram til påskemorgon. I sin tekstmeditasjon reflekterte Torbjørn Brøske over kva innhaldet i denne veka betyr – også for oss i dag.

Mest frå «Messias»

Randi Bøe sine bibellesingar vart understreka med tilsvarande salmar og klassisk vokalmusikk - mest henta frå Handels «Messias». I «Hyrdearien» skildra damestemmer frå koret Jesus som den gode hyrdingen. Solist Turid Røen Kroknes gav ei djupfølt tolking av Jesu lidelse i arien «Han var fornedret», spontant supplert av korsatsen «Sannelig - straffen lå på ham for at vi skal ha fred». Og det mektige «Hallelujakoret» vart uttrykk for påskegleda.

Instrument krydra songen

Eit innleiande «Hosianna» av Olivers og «Ave verum» (Heil deg, Herrens sanne lekam) av Elgar var også musikalsk formidling av sentrale ledd i messa. Dertil la koret eigne stemmer til allsongen. Fløyte, fiolin og piano (Bernt Bøe) gav tonefølgje til salmar og korverk.

Scenisk ramme

Evangeliesekvensen «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» fekk ei enkel scenisk ramme, og salmen «Dine hender er fulle av blomster» vart til pantomime med vekselsong i kor og forsamling.

Utanom bibel- og salmetekster var ny, gripande poesi av Arnold Eidslott fletta inn i programmet gjennom korsong og diktlesing.

Felles påskemåltid

Kari Johanne Aarnes og Jane Nordstrand Svensli frå soknerådet hadde smurt brødskiver og sørga for mat og drikke til storselskapet i Kyrkjestua etter endt program.

….. Innsendt av Bernt G. Bøe for Åsskard sokneråd ...

VI SPONSER BØFJORDNETT