Påska på éin kveld?

Vårsol i hytteveggen eller høgtid i kyrkja? Ideen bak fredagens Påskesongmesse i Åsskard kyrkje er: Begge deler er muleg!

Påska d Bernt & Eva[1]
Inviterer til heil påskekveld: Bernt Bøe med velklingande musikk av Händel og andre, Eva Jorid Svendsen med velsmakande kveldsmat til alle. Foto: Randi Bøe
Påska a
Prosjekt 17 under siste øving med påskemusikken Foto: Randi Bøe
Påska b 2023
Korset er sentralt i drama og musikk Foto: Cecilie Drøpping
Påska 2024 PLAKAT


Programmet formidlar essensen av høgtida i tekst, musikk og symbolhandlingar. Slik kan fastbuande og turistar oppleve "heile påska på ein kveld" - utan å bryte med vanlege gudstenester.

Sentrale aktørar er liturg Torbjørn Brøske, resitatør Randi Bøe, altsolist Turid Røen Kroknes, fiolinist Synnøve Hammervold, fløytist Tove Elin Strand og koret Prosjekt 17, leia frå pianoet av Bernt Bøe.

Bibelsk rollespel

I kyrkja er palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag metta med dramatisk innhald. Messa i Åsskard kyrkje formidlar dei sentrale bibeltekstane både gjennom lesing og sceniske tablå som rollespelet "Jesu Kristi Sju Ord på Korset".

Kunst og klassisk

Påska har inspirer amatørar og verdensnamn i kunst og musikk. Getsemane-måleriet på altertavla i Åsskard taler sterkt denne kvelden. Det same gjer tonar av Elgar, Bach og Handel.

Klassisk og moderne

Handels oratorium "Messias" er kanskje musikkens sterkaste Kristus-skildring. Utvalde satsar frå verket tolkar Jesus som hyrden, som den korsfeste - og som den oppstandne når alt tonar i Hallelujakorets jubel.

Med samtidstekster av lyrikaren Arnold Eidslott, dels tonesett av komponisten Eilert Tøsse, vil også moderne poesi og dissonerandre korklangar prege påskedramaet denne langfredagskvelden. 

Åsskard sokneråd serverer kveldsmat til alle etter årets Påskesongmesse.

VI SPONSER BØFJORDNETT