Overnattingstur på Nordmarka

No skal de få høyre om overnattingsturen vi på 5. trinn var med på. Det var to grunnar til at vi reiste på tur. 1. Det er eit læringsmål i kroppsøving. 2. Vi hadde lyst.

17492382_10209432047583390_2367146790408974308_o[1]
Foto: Bodil K. Aasbø
20170329_144804
Foto: Bodil K. Aasbø
17622059_10209432048463412_3736705184646589623_o[1][1]
Foto: Bodil K. Aasbø


Arthur, Abel, Jo Lasse, Vegard, Emil, Alexander, Hanna, Eiri, Lisa og Bodil var med på turen. Vi for i retning Løålikjølen, og stoppa litt langt unna toppen. Vi gjekk til topps etter å ha pakka ut.

Førebuing til turen

Vi øvde på å sette opp telt på skulen, det var kjempe gøy, men vi fekk litt hjelp av Bodil. Vi øvde med kart og kompas, og vi klarte å lære det, men vi trengte ikkje å bruke det så mykje på tur. Vi lærte oss å pakke klede i sekken. Det tyngste var innst, det mjukaste skal vere ytst. Skiftetøy skal vere øvst. Det vi ikkje treng så fort skal vare lengst ned. Vi tok med oss mykje klede. Dagen før vi skulle på tur tørka vi mat og laga telt plugger. Å tørke mat tek lang tid. Da vi tørka kjøtdeig, gulerøtter, paprika og løk smaka det ikkje så godt, men da vi hadde oppi varmt vatn vart det godt. Vi laga og ei snickerskake, somme likte ho godt, andre ikkje.

Sjølve turen

Bodil hadde med seg ein hengar der vi hadde sekkane, skiene og pulkar. Vi hadde med oss pulk som vi dro til teltplassen. Det var to telt og det var to teltlag. Det var med to vaksne og, lærarane, Bodil og Lisa. Det var kvar sin tur til å ta pulken. Det var mykje å bære og vi tok eine sekken og stappa oppi pulken, den som drog pulken kunne ikkje ha sekk. Og når det var bytte måtte vi bytte sekken og. Dei utan pulk bar sekk, og slik gjekk det heile turen.

Litt etter vi hadde komme fram dro vi til Løålikjølen, det var litt langt, men det gjekk bra. Vi hadde snøballkrig, det var litt vanskeleg å lage snøballar, så da tok vi berre snøbitar. Vi leika også sisten med sovposane, vi tryna heile tida.

Det var artig å sove i telt, men det var litt trongt. Det var litt kaldt på natta, men det gjekk greitt. Det var litt kaldt i teltet til eine gruppa, tykte dei. Vi hadde krig med soveposane det var kjempeartig. Inni teltet laga vi frysar og skohylle, brusen vart nesten til is sidan det var så kaldt. Det kom litt snø oppi skorne, dei vart litt kalde, men det gjekk bra. Dei kaldaste føtene vart vermde på bålet.

Neste morgon kom resten av skulen opp til oss på skidag, da fekk dei sjå korleis vi hadde det i teltleiren.

På tur ned igjen skulle ein ta pulken først. Det gjekk litt dårleg, for det var bratte bakkar og han sklei av sporet og nesten oppatt ein bakke. Vi kom oss til slutt ned i god behold.

Det er veldig bra at vi fekk på tur. Vi lærte at det var veldig kaldt og at det er lurt å ha på mykje klede.

8 kjappe:

Kva var best med turen?

-stupe hodekråke inne i teltet

Kva var verst med turen?

-at nokon prompa (muleg det gjekk sport i armhuleprompar)

Når sovna du?

-Kl 1

Var det drygt å dra pulk?

-litt irriterande i oppoverbakken, men elles var det artig.

Korleis var det å ete tørka mat?

-godt og normalt

Var du nøgd med teltlaget?

-litt

Var det enkelt å sette opp telt?

-det var ganske enkelt, men stengene var vanskelege og få inn.

Kva var vanskelegast?

-å halde varmen

5. trinn ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter

VI SPONSER BØFJORDNETT