Organisasjonsplana for Bøfjord I.L. kan du lese her!

Bøfjord IL - dressar

Her kan du lese Bøfjord IL si organisasjonsplan som no er revidert og vedteke på årsmøtet 03.03.2022.

Bøfjord IL er eit sjølveigande og frittståande idrettslag som vart stifta i 1946. Laget har kring 250 medlemmar og er ein viktig samfunnsfaktor i bygda. Her finn ein mange aktivitetar som både barn og vaksne kan fylle fritida si med. Oppstart, utvikling og drift av eit idrettslag byr normalt på mange oppgåver. Korleis skal idrettslaget organiserast? Kven har ansvaret for kva?

Spørsmåla kan bli mange, og ting kan kanskje verke uoversiktlege, særleg når det gjeld overgang mellom gamle og nye styre. Difor har vi forsøkt å lage ein oversikt til hjelp i arbeidet med å organisere idrettslaget. Denne organisasjonsplana er først og fremst eit verkty for dei som sit i ulike styre i Bøfjord IL, men ho kan også vere nyttig for andre medlemmar i laget.

Les organisasjonsplana her (pdf-fil)