Ord til gagns på museet

Sverre Hatle er gjest på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Med utgangspunkt i samlinga «Ord te gagns» tek han fram dialektord og uttrykk frå Surnadal.

Ord te gagns B Hatle Sverre b
Sverre Hatle tek for seg dialektord – og det «til gagns» - på museet søndag.
2019 07 07 Museet Plakat Ord te gagns


Boka vart gjeven ut av Surnadal Heimbygdlag i 2010 og byggjer på Bjarne Østbø si rike dialektsamling.

Bernt Bøe supplerer med stoff frå Bøfjorden Historielag sine hefte «Teft og tykkje» og med stubbar av lokale forfattarar som Jørgen Gravvold, Gunnar Moen, Leif Halse og Hans Hyldbakk.

Og attmed kaffekoppen blir publikum utfordra til premiert dialekt-quiz, eller «haubrott», som dei sa i gamle dagar.

Språkdag på museet altså.

VI SPONSER BØFJORDNETT