Oppkøyrde skispor!

skispor

Skigruppa melder at det i dag vart køyrd skispor til trimposten ved Iversen-hytta i Settemsdal, både på sørsida av elva frå Myrvoll, og på nordsida av elva frå grustaket.

Delvis bratt trasè og skarpt føre. Det er også fint å gå der på føtene på skaren.

Også til svartvatnet og svarttjønna frå Nygårn er det fint å gå på føtene. Det vart forsøkt å køyre skispor, men dette let seg ikkje gjere før det kjem meir snø igjen.

Ein oppfordrar dei som trimmar der på føtene å ta med seg øks og hogge bort noko kvist som heng inn i vegen, så kan det bli bedre mulighet for å legge skispor til Svarttjønna seinare dersom ver og føre blir bra.

Det er også køyrd på spor i ei lita rundløype på dei flate ekrene ved samdriftsfjøset i Settemsdal, ei på ekra ned mot Bøfjorden, og ei på ekra opp mot buss-skura.

God tur!

VI SPONSER BØFJORDNETT