Opning av Sarang Hundeterapi

Klangen frå den eldgamle supaklokka på Settem opna ein stor festdag i Bøfjorden da Sarang Hundeterapi vart offisielt opna! Initiativtakar og eigar Maria Yoon Garthe heldt ein velforma opningstale der ho skildra utviklinga frå drøm til verkeleghet. Ho takka dei mange som hadde jobba for saka - ikkje minst ektemann og medeigar Ingebrigt.

Sarang 01 Jenny Klinge
Sarang 03 Opningstale Jenny Klinge
Sarang 04 Pølsesnora Rusky


Stortingsrepresentant Jenny Klinge rosa initiativet og den betydninga senteret med dei mange terapitilboda vil ha for hundar og eigarane deira i eit vidt område. Ho er sjøl eigar av ein av dei over 500.000 hundane i landet.

Så var det da også hunden hennar, Rusky, som med hjelp av Garthe-borna Mathilde og Fredrik fekk æra av å klippe (les: bite av) pølse-snora og dermed formelt opne Sarang Hundeterapi!

Deretter var det omvisning inne i det flotte anlegget. Med til dette hører det nyrestaruerte Buret - med alle fasiliteter - der hundeeigarar og andre kan bu under besøk her. 

Og - som Maria sa: - Namnet «Sarang» er koreansk for «Kjærlighet». Eit treffande namn når initiativet så sterkt handlar om det beste for vår firbeinte venn hunden! Gratulerer!

Tekst/ Foto: Bernt G. Bøe

VI SPONSER BØFJORDNETT